Surrealistisk protest frå odelsjenter

Du er bonde har vorte ei sår og litt støyande framsyning av Kristin Auestad Danielsen sin roman om rolleforventingar på bygda.

Kristin Aalen

Dei to odelsjentene vert spela av Malin Landa og Mari Strand Ferstad. (Foto: Hanne Nygaard)

To venninner har fylt atten og er vortne myndige. Dei kjem frå gardar i Gjesdal og har ingen andre venner. Fritida bruker dei på å sjå film og tv-seriar. No sig det inn at dei er odelsjenter og jamvel jomfruer. Kva skal dei gjere med livet sitt?  

Auestad Danielsen har skrive ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket. Tida er sist på 1990-talet, tjuefem år etter at ei endring i odelslova gav likestilling. Men jærbygda heng etter i haldningar. Bøndene lærer gutane å køyre traktor, dyrke jorda og drive med ku og sau. Odelsjentene, derimot, er usikre på rolla si.  

Ei av venninnene vil slett ikkje føre tradisjonen vidare. Ho vil ikkje få barn slik det er forventa. Ho vel antidrift. Slik provoserer ho si eiga slekt og folk på nabogardane. Bygdedyret vil stanse kvinna som opponerer.

Heile meldinga mi kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.

Publisert 30. mars 2025

Den eine odelsjenta (Mari Strand Ferstad) er hekta på Lady Diana, den andre bryt med alle ideal i bondesamfunnet. (Foto: Hanne Nygaard)

Du er bonde

Rogaland Teater, Intimscenen

Regissør: Maria Drangeid

Av Kristin Auestad Danielsen

Scenografi og kostymer: Ida Grimsgaard

Maskør: Jill Tonje Holter

Lyd og musikk: Fredrik Almstedt Storsveen

Lys: Benjamin Dahl

1 time 20 minutt

Kristin Aalen