Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten

Kristin Aalen

Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.

Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen. (Foto: Marcel Leliënhof)

Ein kan tenkje at regissør Kjetil Bang-Hansen og skodespelar Svein Tindberg har fortalt det som er å fortelje frå i Bibelen, etter at dei sidan 1995 har framført Markus-evangeliet, Apostlenes gjerninger og Abrahams barn for fulle teaterhus. Er det ikkje nok no?  

Faktisk ikkje. I Esau og Jakob greier Tindberg på rørande vis å få glimt frå ein barndom på sommarferie hos tante og onkel i Horten til å gå i dialog med maktkampen mellom tvillingane Esau og Jakob for fire tusen år sidan. Regissør Bang-Hansen syter for at dei bibelske historiene vert saumlaust kommenterte av Tindberg sine kloke refleksjonar om konfliktar i dag, på individuelt og internasjonalt nivå. Stykket kjennest djupt eksistensielt og nærgåande.

Heile meldinga kan du lese her med abonnement på Dag & Tid.

Publisert i Dag & Tid 4. oktober 2024.

Tindberg held god orden på kva som skjedde med Esau og Jakob, formødre og forfedre og levandegjer på framifrå vis kjenslene deira. (Foto: Marcel Leliënhof)

Esau og Jakob

Bibelske soger bearbeida av Svein Tindberg

Regissør: Kjetil Bang-Hansen

Scenografi og kostymer: Milja Salovaara

Lyd/lys: Marius Podolski

Stad: Teaterhallen, Rogaland Teater

Lengd: 1 time 20 minutt

Kristin Aalen