Ein ordflaum om meininga med livet

Kristin Aalen

Det imponerer korleis rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?

Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland gjer ein imponerande prestasjon i den timelange monologen til den unge kvinna Cassandra. (Foto: Stig Håvard Dirdal, Rogaland Teater)

I eit rom med avrunda hjørner står ein krakk og eit mikrofonstativ. Taklamper sender ut eit skarpt kvitt ljos. Det vert etter kvart skrudd over i mjukt rosa, varm oransje, men òg i kaldare fargar.  

Denne omgjevnaden er alt scenograf Phillip Isaksen har gitt skodespelar Benedicte Izabell Ekeland. Ho har berre si eiga stemme å lite på der ho snakkar rasande fort, men òg i rolege bolkar. Tidvis tek ho pause i ordflaumen og stiller seg nær oss der vi sit. Då ser ho rett i augo våre og held blikket i fleire sekund utan eit ord. Men ikkje så lenge at det vert utriveleg. Verknaden er at eg får lyst til å forstå kva som bur i hovudpersonen Cassandra.

Heile meldinga mi kan du lese her med abonnement på Dag & Tid.

Teksten vart publisert 6. september 2024.

Cassandra (Benedicte Izabell Ekeland) forsøker å minne oss på at «alt blir bra», men det meste i livet hennar er ganske forvirrande. (Foto: Stig Håvard Dirdal, Rogaland Teater)

Cassandra

Rogaland Teater, Intimscenen

Av Fredrik Høyer og Mattis Herman Nyquist

Regissør: Mattis Herman Nyquist

Med: Benedicte Izabell Ekeland

Scenografi og kostymedesign: Phillip Isaksen

Komponist: Gaute Tønder

Maskør: Mio Eyfjord

57 minuttar utan pause

Kristin Aalen