Når Kielland stig ned frå sokkelen

Kristin Aalen

Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei født. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscenene i Stavanger og Haugesund.

Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe) (Foto: Grethe Nygaard/Rogaland Teater)

Stykket handlar lite om kva Kielland skreiv. Alexander er i staden ei sorgmunter tolking av kven han var som person, og korleis han kjempa for å bli forfattar. Diverre er heilskapen blitt for snill. 

Dramatikardebutant Rolf Kristian Larsen har henta stoff frå Kielland sine brev. Stykket opnar med at han har stige ned frå sokkelen på torget i Stavanger. No mimrar diktaren om livet med kona Beate som han fekk fire barn med. Mellom dei sit ein svær ramn – spela av ein skodespelar i blåsvart kostyme med nebb – og varslar død. «Eg skulle ha fiska meir på Jæren», sukkar Kielland, «eg skulle ha drukke og ete mindre», men også arbeidd mindre og vore meir med barna.

Heile meldinga mi kan du lese her med abonnement på Dag & Tid.

Teksten vart publisert 13. september 2024.

«Eg skulle ha fiska meir på Jæren», sukkar Kielland (Espen Hana), «eg skulle ha drukke og ete mindre», men også arbeidd mindre og vore meir med barna. (Foto: Grethe Nygaard/Rogaland Teater)

Alexander

Rogaland Teater, hovudscenen

Av Rolf Kristian Larsen

Regissør: Morten Joachim

Med: Espen Hana, Marianne Holter, Amund Harboe, Malene Wadel, Matias Kuoppala

Scenograf: Arne Nøst

Komponist: Ida Flåten Kampenhaug

Kostyme/lyd: Ragnhild Anda Tengesdal

Ljos: Trygve Andersen

Maskør: Jill Tonje Holter 

2 timar med pause

Kristin Aalen