Å vilje hoppe vekk ifrå alt

Kristin Aalen

Om ein berre kunne snakke eit menneske ut av eksistensiell einsemd og fortviling! I Eg er vinden syner Jon Fosse kor vanskeleg det er å rekkje ut ei hjelpande hand.

Den eine (Kim Fairchild) har mista lysten til å leve. Den andre (Ingrid Unnur Giæver) strevar med å fortøye båten dei er om bord i. (Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater)

Vår fjerde nobelprisvinnar i litteratur skreiv Eg er vinden for snart tjue år sidan i samarbeid med Festspillene i Bergen. Stykket hadde urpremiere på Nationaltheatret i 2007 og har vorte framført på fleire norske teaterscenar. Diverre blir tematikken aldri uaktuell: Det handlar om Den eine som ikkje orkar å leve lenger, og Den andre som prøver å snakke han eller henne frå å hoppe i døden.  

No var eg litt upresis i mitt resymé av handlinga – Jon Fosse sin tekst er som vanleg fleirtydig. Vi kan ikkje vere heilt sikre på om Den eine allereie i starten av stykket har teke sitt eige liv. I så fall er resten av skodespelet ein retrospektiv samtale om korleis Den andre freista å hindre tragedien. 

Det fine med fleirtydigheita i Jon Fosse sitt språk er at vi som publikummarar kan ha kvar vår tolking. Regissør Victoria Meirik og dei to skodespelarane, Kim Fairchild og Ingrid Unnur Giæver, lar det vere så mykje stille mellom replikkane at ein rekk å tenkje og føle. Eg hugsar på dei eg har kjent som hamna i det eksistensielle mørket som Den eine fortel om. Eg minnest dei som kjempa til liks med Den andre for å berge eit fortvila medmenneske vekk frå stupet, bort frå det lokkande djupet. Men dei tapte. Det gjer vondt.

Heile meldinga kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.

Publisert 29. november 2024

Røysta til Den andre (Ingrid Unnur Giæver) går over i desperasjon mot slutten: Den eine har hoppa, og ho let seg ikkje redda. (Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater)

Eg er vinden

Rogaland Teater, Intimscenen

Av Jon Fosse

Regissør: Victoria Meirik

Med: Kim Fairchild og Ingrid Unnur Giæver

Scenografi og kostymer: Anette Werenskiold

Lys: Agnethe Tellefsen

Komponist: Ingvild Langgård

Lengd: 1 time

Kristin Aalen