Svart humor om barn som vert svikne

Kristin Aalen

Kva gjer det med barn at mamma blir borte? Seks søsken må lære å greie seg åleine. Det endar brutalt.

Mamma har slengt noko mat på bordet til barna sine. Her har Nolaith Boyle Både teke på seg pelskåpa og spelar mora. Dei andre skodespelarane er frå venstre Sara Stadsnes Kuoppala, Sofie Røreng Øverland, Lea Carolina Wirowski, Jonas Hovda Martinsen og Matias Alexander Fleck. (Foto: Sondre Michaelsen)

Hjemkomstene er ein del av Den unge scenen (DUS), eit landsdekkjande prosjekt som sidan 2004 har arbeidd for å lyfte nivået på ungdomsteater i Norge. DUS tingar og utviklar sceniske tekstar for ungdom og lar stykkene bli framførte av ungdom. Slik har eit førtital nye tekstar vorte handsama og spelt av åtti ungdomsgrupper i landet. Det er eit framifrå konsept.  

I den tiande prosjektrunden har Rogaland Teater sitt ungdomsteater valt eit stykke av dramatikar Fredrik Brattberg frå Porsgrunn. Han har skrive rundt tjuefem skodespel, vorte omsett til bortimot tretti språk og motteke fleire prisar. I førehandsomtalen vert han skildra som ein fornyar av skandinavisk samtidsdramatikk. I Frankrike og Tyskland har han sågar blitt kalla eit geni i fleire riksaviser.  

Skuffa. Ein slik ordbruk skrur forventningane mine opp. Så høgt at eg i starten vert skuffa. Brattberg sin tekst er prega av gjentakingar der seks ungdommar for mange gonger repeterer at mamma ikkje har kome heim, at det må ryddast i leiligheita og at eldstejenta treng ein pose å kaste søppelet i, det som flyt rundt dei. Dei triste kulissane består i eit vell av brune pappesker som fungerer som skap og bord alt ettersom.  

Så syner det seg at det er eit poeng med repetisjonane.

Heile meldinga kan du lese her med abonnement på Dag og tid.

Publisert fredag 24. januar 2025.

Mora går og kjem, kjem og går. Seks barn sit att og må greie seg åleine. (Foto: Grethe Nygaard)

Hjemkomstene

Rogaland Teater, Kjellerteatret

Regissør: Thomas Alf Larsen

Av Fredrik Brattberg

Med: Lea Carolina Wirowski, Sofie Røreng Øverland, Jonas Hovda Martinsen,

Matias Alexander Fleck, Nolaith Boyle Både, Sara Stadsnes Kuoppala

Lys: Cathrine Wixøe

Lengd: 50 minuttar

Kristin Aalen