Fucking Åmål enno aktuell

Kristin Aalen

At to jenter i ein svensk tettstad møtte hets då dei forelska seg i kvarandre, vakte oppsikt som film i 1999. I dag kjennest Lucas Moodysson si forteljing framleis aktuell på teaterscenen i Stavanger.

Elin (Alba Veen Røe) og Agnes (Johanne Veland Bakke), til venstre, forelskar seg i kvarandre. (Foto: Stig Håvard Dirdal)

Ein kunne vone at tjuefem år etter at den svenske filmen Fucking Åmål vart ein suksess, ville vi ha kome lenger i å godta at menneske får seg ein kjærast av same kjønn. Men mellom anna NRK-serien Oro jaska (Hold kjeft) som tok opp homofobi i eit samisk ungdomsmiljø sist haust, syner at vi har ein veg å gå til full godtaking av homofil kjærleik.  

Moodyssons forteljing handlar om fjortenåringen Agnes som er innflyttar i bygda Åmål. Etter to år har ho enno ikkje fått seg vener. No går ryktet om at ho er lesbisk. Og jau, ho har forelska seg i jamgamle Elin, ei jente som vil tøffe seg i gjengen. Ein dag tek Elin initiativ til å kysse Agnes berre på tull. Slik vert ryktet om Agnes si lesbiske legning stadfesta.  

Det Elin ikkje anar, er at ho sjølv blir forelska i jenta ho har lura til eit kyss. Det er ei sjokkerande erfaring å ta inn over seg for ei som går i eit miljø som definerer seg som heilt heterofilt. 

Vellykka

Framsyninga på Rogaland Teater er svært vellykka.

(…)

Heile meldinga kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.

Publisert 7. februar 2025

Det er skummelt å oppdage at ein er forelska i nokon av same kjønn, tykkjer Agnes og Elin. (Foto: Stig Håvard Dirdal)

Fucking Åmål

Etter en film av Lucas Moodyson

Rogaland Teater, Teaterhallen Regissør: Bjørn Ravn Carlsen

Scenografi/kostyme: Even Børsum

Maskør: Mio Eyfjord

Lys: Kurt André Aase

Kristin Aalen