Festleg framsyning av musikalen Matilda

Kristin Aalen

Matilda, ei populær barnebok av Roald Dahl, har i årevis gjort suksess som musikal. No slåss den glupe heltinna Matilda drabeleg mot onde rektor Trunchbull på Rogaland Teater.

Espen Hana leverer ei framifrå tolking av rektor Trunchbull som terroriserer elevane, meiner vår meldar. (Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater)

Medan media skriv at norske barn les færre bøker enn før, vil publikum høyre historia om ein femåring som har lese alt på barnebiblioteket. Framsyninga i Stavanger vart selt ut før premieren, no byr teateret på nye sjansar i 2025. Så elska er Matilda, anten ein har møtt henne i Dahl si bok eller sett henne i musikalversjonen frå 2010.  

Det er blitt ei fartsfylt og god tolking der Matilda (Marte Sirevåg Berge) og skulekameratane vert spela av 10-15-åringar fra Rogaland Teater sitt Barne- og ungdomsteater. Med imponerande presisjon framfører dei fleire dansenumre, godt koreograferte av Ludvig Herstad. Låtane er godt innøvde, men tempoet så høgt at det ikkje alltid er lett å forstå teksten.

Publisert 3. mai 2024.

Heile meldinga kan du lese her med abonnement på Dag og Tid.

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda (her ved Marte Sirevåg Berge) tar eit oppgjer med onde rektor Trunchbull. (Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater)

Matilda

Rogaland Teater, Hovedscenen

Av Roald Dahl

Musikk og tekst: Tim Minchin

Omsett av: Atle Halstensen

Regissør: Mathias Luppichini

Med: Marte Sirevåg Berge, Espen Hana, Espen Reboli Bjerke, Mari Strand Ferstad, Mareike Wang, Svein Solenes, Kim Fairchild, Catharina Vu, Matias Kuoppala og to lag med medlemmer frå Barne- og ungdomsteateret.

Koreograf: Ludvig Herstad

Scenograf/kostymedesignar: Gjermund Andresen

Maskør: Mio Eyfjord

Dramaturg: Matilde Holdhus

Lyd: Frode Ytre-Arne

2 timar 15 minuttar med pause

 

Kristin Aalen